Tags: Norwegisch

Det andre namnet: roman

  • Autor/Hersteller: Jon Fosse
  • Verfügbarkeit: 2 Preis inkl. MwSt., zzgl. Versand; Lieferung 5-7 Tage
  • ISBN/EAN: 9788234002199

€35,00

Første bok i storverk frå Jon Fosse. Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin...

Første bok i storverk frå Jon Fosse.


Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle køyrer fram og tilbake på snølagde vegar for å besøkja vennen. Livet til dei to Aslane blir fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie.


«Det andre namnet» er ei suggererande og storslått forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seia å vera i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smaka med egg og flesk.

513 Seiten

Vor kurzem angesehen